Bubil/campingvogn

Oppstillingsplass for bubilar/campingvogner: På Halvfjordingen på Rullestad kan du bu i campingvogn eller bubil. Oppstillingsplassen ligg idyllisk til. Alle plassane har uttak for straum og på området er det sanitæranlegg. Det er høve til å overnatte ei enkel natt, eller ein kan leige plass for lengre tid. Oppstillingsplassen er ideell for dei som ynskjer å bruke den på vinterstid. Det er kort veg til skianlegga på Seljestad og i Røldal.