Servicebygget:

Det nye servicebygget inneheld storkjøken, heimebakeri, butikk, kafe og møterom. I tillegg er det to doble soverom i 2. etg. I bakeriet bakast det tradisjonsmat som lefser, potekaker, nordlandskaker og mjølkekaker. Varene blir selde i butikken vår, eller du kan ringje eller sende mail og bestille varer .  I kafeen serverer me middag i helgane. Søndagen er komledag.

Skal du arrangere møte, fødselsdagsselskap, slektsstevne el.l.  så er Rullestad Aktiv Fritid eit glimrande alternativ. Spør oss om pris.