Kulturminne

På Rullestad og området rundt finn ein mange kulturminne. Kulturminna våre representerer nasjonale verdiar. Dei synlege uttrykka for livsformer i eldre tider hjelper oss til å oppleva fortida, dei skaper forståing for samanhengen mellom generasjonane og forklarar vår eiga tid sitt levesett. Rullestad har ein særleg rik kulturarv å forvalta i alle dei spora som finst att frå tidlegare tider.

Jettegrytene

I siste istid laga vatnet og isen djupe holer i fjellet. Dette er kalla jettegryter. I Rullestadjuvet finn ein nokre av dei største jettegrytene i Nord-Europa. Tilkomsten til jettegrytene går frå Skromme

Postvegen

Gjennom Rullestadjuvet går postvegen mellom aust- og vestlandet. Denne vart bygd på 1800-talet og vart nytta fram til ny veg vart bygd på byrjinga av 1900-talet. Gjennom Rullestajuvet er denne vegen godt bevart, men var utrasa eit par stader. I 2009 vart vegen ferdig restaurert slik at den nå er farbar frå Rullestad til Skromme.

Steingardar

På Rullestad finn ein bevarte steingardar. I gamle dagar vart slike gardar laga av stein som vart mura opp ved nydyrking. Steingardane var ofte grensa mellom teigar og grensa mellom innmark og utmark. Gjerda kan vise korleis det gamle jordbrukslandskapet funksjonelt var organisert. Det skilde ulike markslag frå kvarandre, åker frå eng og innmark frå utmark. Gjerda var i stor grad knytt til husdyrhald, og dei eldste gjerda var truleg laga for å skjerma korn og andre nyttevekstar som blei dyrka. Ved oppdeling av enkeltgardar utover 16- og 1700-talet, vart gjerda og steingardane også i større grad nytta for å vise eigedomsgrenser.

geil

Styvingstre

Ved Halvfjordingen finn ein ei samling av omlag 30 styvingstre. Desse vert skjøtta på den gamle måten. Omlag kvart 5 år vert greinene på asketrea saga av og nye greiner veks ut og lagar ein krans av lauv.

styvingstre

Stølar

Gardane på Rullestad hadde før eit aktiv stølsliv. Om sommaren vart dyra flytta til støls. Her vart det produsert ost og smør som vart transportert tilbake til bygda.

Langfoss

Ved Åkrafjorden finn ein Langfoss.  Fossen vart kåra til verdas vakraste foss av ein amerikansk nettstad. I tillegg kåra leserane til Haugesunds Avis fossen til den finaste turistattraksjonen i distriktet.

Langfoss

Lars Hertervig

Lars Hertervig  (16. februar 1830–6. januar 1902). Han vart fødd i 1830 på Borgøy i Tysvær kommune, men voks for det meste opp i Stavanger, der han seinare døydde. Hertervig var plaga av sinnslidingar heile livet, noko som gjorde han fattig og ukjend som målar mens han levde.

Kunsten hans er blitt gjenoppdaga i moderne tid, og har inspirert ei rekke samtidskunstnarar. Hertervig drog til akademiet i Düsseldorf i 1852 for å gå i lære hjå Hans Gude. Arbeida hans frå 1860-åra er særleg merka av sjukdommen hans. Trea har forvilla, fantastiske former, klippene og skyene har ofte blokkaktige former.

I tida etter at Hertervig kom attende frå Dusseldorf, budde han i periodar på Rullestad. Nokre av hans mest kjende verk er måla etter motiv herfrå. For eksempel ”Gamle furutrær” og “Rullestadjuvet”.

 

Kulturlandskapet i Åkrafjorden

I 2002 fekk Planteforsk Furuneset, ved cand. scient Silke Hansen i oppdrag frå Åkrafjorden Grendeutval å utarbeide ein rapport om kulturlandskapet i Åkrafjorden. Rapporten kan du lese her.

Her kan du sjå fleire flotte bilete frå Rullestad og Fjæra. Dei er tatt av Espen Mills.