Rullestad ligg mellom vakre fjell inst i Åkrafjorden. Naturen rundt er som skapt for den som set pris på friluftsliv og aktiv fritid. Det er mange fine turløyper i området, og bygda ligg i starten av Haugesund Turistforening sine merka turløyper i indre Etnefjellet. Rullestad er inngangen til Åkrafjorden Landskapspark og ligg tett inntil Folgefonna Nasjonalpark.I bygda er det mange kulturminne som er verdt eit besøk. Opp Rullestadjuvet går postvegen som vart bygd på 1800-talet. I tillegg går gamle E-134 gjennom den ville naturen i Rullestadjuvet. Her finn ein også nokre av dei største jettegrytene i Nord-Europa. På Halvfjordingen på Rullestad kan ein overnatte i høgstandard utleigehytter.

Ein kan også overnatte i bubil/campingvogn eller telt på tilrettelagd oppstillingsplass. For dei som er glad i vakker natur, frisk luft og som likar å bruke kroppen sin er Rullestad verdt eit besøk.